Fyrste gongen eg kan hugsa eg åt risotto var på korpsseminar. Det var fantastisk. Risotto må vere den perfekte kosematen! Dessutan er det veldig praktisk – du kan bruka opp rester eller kva du vil.

Kyllingrisotto

  • 2 ms smør
  • 1 ms olje
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 1 fedd kvitlauk
  • 450 g risottoris
  • 6 dl hønsekraft
  • 1 steikt kyllingfilet
  • 1 dl erter, kokte
  • 1 ms hakka persille
  • salt og peppar
  • 1 dl parmesan, finriven
  • 2 ms smør i terningar

Varm smør og olje i ei steikepanne og steik lauken til han er mjuk. Ha i risen og steik han litt, men ikkje så han blir brun eller noko. Ha i litt og litt kraft som du let koka inn før du har i meir. Rør. Når du har kokt inn det meste av krafta og risen har berre litt tyggemotstand, har du i parmesan og smør i terningar og rører det inn. Ha og i kyllingfilet og erter og persille. Server med ein gong.