Frukostbrød

Som barn laga eg meg sommarjobb: Eg laga frukostbrød og gjekk til hyttene og selte dei. Det fortsette eg med i fellesferien i fleire år. Eg lurer på om ikkje begge søskna mine overtok etter kvart, så det må ha vore eit godt konsept. Trikset var å tima det sånn at eg kom med lunka bollar om lag i frukosttid. Dei blei ganske gode, og det var ganske innbringane.

Å kalla det frukostbrød er kanskje litt misvisande ettersom det jo faktisk er bollar med godt med sukker og smør. Men me har ete dei til frukost i alle feriar, til jul og når nokon har bursdag så lenge eg kan hugsa, så eg synst det kvalifiserer. Skal du laga rosinbollar så lagar du dei med rosiner. Skal du laga skillingsbollar, så gjer du det. Deigen er perfekt. Når eg lagar dei til frukost set eg deigen på kvelden og la han heva over natta, med stor suksess. Eltefrie brød og ditto rundstykker er så klart kjempefint, men desse er så mjuke og luktar så fantastisk godt!

 

Frukostbrød

  • 6 dl mjølk
  • 0,5 pakke gjær
  • 140 g sukker
  • 120 g smør i terningar
  • 1 egg
  • 1-1,2 kg mjøl
  • 0,5 ts kardemomme
  • 0,5 ts salt

Kok opp mjølka, og avkjøl til 35 grader. Ha så i gjær, sukker, egg og kardemomme i ein bolle og bland ut gjæren. Ha i det meste av mjølet, men hald att litt – det er betre at deigen er litt for klissete enn litt for hard. Ha i salt.

Elt i sju-åtte-ti minutt på låg hastighet medan du ser til at du får i nok mjøl. Når deigen er ganske perfekt har du i terningar av smøret, og elter videre til smøret er blanda godt inn. Det tek ytterlegare nokre minutt. Ha plast over bollen og set til heving. Hev til deigen er om lag dobbelt så stor. Det vil ta ein time eller meir (lang hevetid er bra – lang hevetid=bra smak).

Elt deigen litt saman. Del han i 32 emner, og bak dei ut til litt avlange frukostbrød. Pensle med egg, og strø på litt solsikkefrø viss du vil. La dei etterheva i ein halvtime før du steiker på 210 grader i ca 11 minutt.

Avkjøl litt på rist før de et. Når dei er kalde har du dei i plast, og frys ned det du eventuelt ikkje vil eta til formiddagsmat.

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Høres gode ut. Oppskriften minner meg om tebriks, de er også både søte og fete, pensles med egg og strøs med valmuefrø. Og absolutt noe av det aller beste man kan bake til frokost.
    Anne S

    • ja, dei er verkeleg gode! det kan godt vere dei er i nærleiken av tebriks i såfall, ja, me har og brukt å strø dei med valmuefrø viss me ikkje har solsikkefrø på:)

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.