Eg synst eigentleg det meste blir langt betre viss du kan ha skikkeleg godt brød til. Det vere seg suppe, frukost, turmat, kva som helst. Så smørbrød er eigentleg rett i mi gate. Her er eit veldig glimrande smørbrød med biff på. Kjempebra.

 

Biffsmørbrød til to

  • to biffar (eller ein større)
  • to store brødskiver av godt brød
  • salat, nokre tomater og litt agurk
  • litt steikt lauk
  • majones
  • parmesan
  • litt sitronsaft og olivenolje
  • salt og peppar

Ha olje på skivene og steik dei gyldne i varm steikepanne. Ha salt og peppar på biffane og steik dei i olje i varm panne til dei er middels stekte (snu dei når det pipler kjøttsaft opp på andre sida og ta dei av og la dei kvila nokre minutt før du skjærer dei opp når det pipler opp kjøttsaft på andre sida att). Steik lauk. Skjær gode skiver og smør dei med ein blanding av majones og parmesan. Ha på salat-greier og skvis litt sitron over og ringle litt olivenolje over, legg på litt stekt lauk og skjær kjøtet opp i skiver som du har på toppen. Ha litt parmesan, salt og peppar på toppen.