DSC_7474

Middag som lagar seg sjølv er himla lurt. Sleng alt i ei gryte, skriv nokre kapittel til, og så er det mat. Eller gå den søndagsturen. Eller kva som helst. Her treng du berre gi alt eit oppkok og så set du gryta med innhald i steikomnen i to og ein halv time, så er det gjort. Kjempebra. Denne oppskrifta held til fire personar, eller til middag for to i to dagar. Blir ikkje enklare enn det.

 

Gryterett

  • 0,5 l oksekraft
  • ein liten vinskvett eller eplejuiceslump
  • ein boks hakka tomater
  • 1 ms tomatpuré
  • 2 ms kveitemjøl
  • 700 g høgrygg eller tilsvarande, i passelege stykker
  • 4 gulrøter, skrelt og i biter
  • 4 poteter, skrelt og i biter
  • litt kålrabi, skrelt og i biter
  • 10-12 sjalottlauk, skrelt, men heile (bruk evt. anna lauk, men del han då i båtar)
  • 5 kvitlauksfedd, skrelt men heile
  • 2 laurbærblad
  • 1 ms sukker
  • salt, peppar

Ha kraft, vin, tomater, tomatpuré, kveitemjøl og sukker i ei gryte med lokk som toler å stå i steikomnen. Rør det godt saman. Ha i alt det andre utanom salt og peppar og kok opp, og set i steikomnen på 150 grader i 2,5 timar. Krydre, og server til nokon du er glad i. Gjerne med godt brød, og noko godt å drikka.