Altså, sjokoladefondant er ein av dei bra tinga i livet. Som du kan feira med, gleda deg over, kosa deg med. Du kan til dømes feira at litlebroren din er på besøk. Det er fint med sjokoladefondant, for det er sjokolade, og smelta i midten, så det renn varm sjokolade utover når du deler han. Dessutan tek det kanskje fem minutt å røra saman røra, og så berre steiker du det litt og så er det klart, eller du kan laga røra på førehand og setta kaldt til du skal steika dei. Heilt topp.

Sjokoladefondant

  • 95 g mørk sjokolade 60-70 %
  • 90 g smør
  • 90 g sukker
  • 3 egg
  • 50 g kveitemjøl

Pisk eggedosis, smelt smør og sjokolade og rør det inn og sikt til slutt i kveitemjøl. Ha i seks smurte former eller muffinsformer og steik i om lag 7 minutt på 210 grader.