Dette er ein kjempebra rett. Heilt super, verkeleg. I ein ti på topp over kva eg liker best, så er denne heilt klart med. I tillegg tek det om lag tolv-femten minutt å slenga saman, og det er ganske billig og sunn mat og. Gje det eit forsøk, det er så sjukt verdt det, lovar.

 

Wok med brokkoli og kylling

  • ein kyllingfilet (ca 250 g) i tynne skiver
  • ein brokkoli i bukettar
  • eitt egg
  • ca 200 g flate risnudlar
  • 2 fedd kvitlauk i tynne skiver
  • 2 ms soyasaus
  • salt og peppar
  • raps- eller solsikkeolje
  • ein skvis lime

Legg risnudlar i ein bolle og hell over kokande vatn – det skal stå i om lag ti minutt eller til dei er mjuke. Skjær opp alt som skal skjærast opp. Varm ei panne godt med litt olje. Her er det ein kjekt med wokpanne, man ei anna panne med litt høge kantar vil og gjere nytta godt. Ha i kyllingen, og krydre godt med peppar og salt. Steik nesten ferdig og ha i kvitlauken og. Steik til kvitlauken er sprø, og ha i brokkolibukettane. Steik det litt og ha i soyasaus. Det skal vere tyggemotstand i brokkolien, men når du tenkjer den nærmar seg litt hellar du alt over i ei skål.

Hell vatnet av risnudlane. Ta litt ny olje i steikepanna og hakk i egget. Rør det litt saman og ha i risnudlar og rør det saman så det blir litt eggerøre, på ein måte, og nudlane vert varme. Sleng oppi kylling- og brokkoliblandinga og varm opp. Skvis over litt lime. Server.