Steikt fisk var det beste eg visste då eg var lita. Alt anna kom etter. Det er framleis litt sånn. Dessverre trur mange at fisk er så vanskeleg, men det er det ikkje, lovar. Eg meiner, dette har eg laga sidan eg gjekk på småskulen. Då kan alle:) Sei er og inmari billig, og sunt, og det går veldig fort å laga. Men alt det til side – det er det beste som finst. Kjøp forresten gjerne fersk fisk. Gå på tur til næraste fiskebutikk og sjå kva dei har og kjøp noko fint og rart. Det er kjekt, og det er mykje god kompetanse i fiskebutikkar. Skulle du føla deg litt usikker og utføre eiga komfortsone kan dei både filitera, skjæra opp og alt mogleg for deg. Og dei kan anbefala ting, til dømes kor mykje du treng og korleis du behandlar fisken og sånt. Fiskebutikkservice er ein av dei tinga i livet som faktisk er gratis:)

 

Oppskrifta er til to.

 

Først av alt: Set på potetene.

 

Steikt lauk:

  • 1,5 lauk, i skiver
  • 1,5 ms smør
  • salt, peppar
  • 0,5 ms sukker
  • 1 ms soyasaus
  • ein skvis sitron

Steik lauken i smøret til han byrjer å ta farge. Det tek ti minutt, eller så. Så har du i sukker og soyasaus og steiker til fargen er perfekt. Smak til med salt, peppar og sitron.

 

Steikt sei:

  • to porsjonsstykker sei
  • 2 ms mjøl
  • 1 ts peppar
  • 1 ts salt
  • 1 ms smør

Bland saman mjøl, peppar og salt. Vend seien i det. Varm ei panne med smør. Når smøret har slutta å skumma, er panna varm nok: Ha i seien. Når han blir litt fuktig oppå snur du han og steiker ferdig. Så er du i mål. Server med poteter og steikt lauk.