Couscous

For nokre år sidan feira mor og far bursdagen sin i sjøhuset, med sommar, sol, bra folk, bra mat og det som var. Ein ven av dei, Per, var med på å laga maten, og han laga altså couscous. Den couscousen blei eit nært og kjært bekjentskap, og det har blitt mykje couscous. Oppskrifta baserer seg på kva eg hugser at han hadde oppi, så kor mykje det viker frå det han gjorde anar eg ikkje. Men dette er godt! Det funker supert som tilbehøyr til kylling eller litt sterke kjøttbollar eller anna, men denne har så mykje godt i seg at me berre plar det vere ein eigen rett.

 

Couscous til to svoltne:

  • 1 ms olivenolje
  • 1 raudlak, eller tilsvarande mengde sjalottlauk, finhakka
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 kanelstenger
  • 2 stjerneanis
  • 1 laurbærblad
  • 4 soltørka tomater, i biter
  • ein god neve rosiner, gjerne både dei vanlege svarte og dei gule
  • 2,5 dl kyllingkraft
  • 250 g couscous
  • 2 ms smør
  • salt, peppar
  • 2 stilkar vårlauk i bitar

Steik lauk og kvitlauk i olja til han er mjuk. Ha oppi kanelstenger, stjerneanis, laurbærblad og rosiner, og steik til det lukter godt og rosinene blåser seg opp litt. Ha i soltørka tomater, kyllingkraft og couscous og la det trekka under lokk til all væska har trekt inn. Ha i smør, salt, peppar og vårlauk og rør det luftig. Nokon insisterer på å ta ut kanelstenger og stjerneanis før dei serverer, men eg synst dei er så dekorative at eg let dei vere. Men du kan godt ta ut laurbærbladet, det er ikkje så stilig som resten.

DSC_7580

← Previous post

Next post →

4 Comments

  1. Mmmmm, couscous med masse gode krydder, nam nam!

  2. Jeg elsker couscous, og du skal ikke se bort fra at jeg prøver ut denne oppskriften.

    Men, et lite spørsmål; Tror du det går greit om jeg bruker stjerneanis i stedet for stjerneanus? Er nemlig ikke sikker på om smaken av sistnevnte er helt i min gate, men man vet jo aldri.

    • jøss, ikkje berre trur eg det går bra, eg trur til og med at det er å anbefala :p

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.