Dampa blåskjell

I Paris hadde dei dampa blåskjell med stekte poteter på den knøttlitle spisestaden like over gata for hotellet me budde på. Det var litt som å oppdage ei ny verd. Eg hadde liksom ikkje sett for meg at blåskjell kunne vere så bra. Men det er det. Dei siste vekene har eg berre tenkt på blåskjell (og litt på bacheloroppgåva eg skriv, men mest på blåskjell), og så vart det på tide å skride til verket.

Eg var ikkje kvinne nok til å spørra etter oppsrkifta der me var, sjølv om eg verkeleg ville. Samstundes er det ikkje særleg infløkte greier, så eg trur det stemmer ganske bra det eg fann på. For det blei knallgodt. Dette held til to.

Kvitvinsdampa blåskjell

  • ein kilo blåskjell
  • to små sjalottlauk
  • ei ms olivenolje
  • ein og ein halv dl kvitvin
  • to kvistar timian
  • godt med persille
  • ein skvis sitron

Vask blåskjella godt i kaldt vatn. Skrubb dei glatte og fine. Kakk dei lett mot benken, dei som ikkje lukkar seg (dei vil åpna seg litt i vatnet) må du kasta. Det gjeld og dei knuste. Finhakk lauken og steik han mjuk i olja. Ha vinen over lauken og gje det eit oppkok, ha i timian og blåskjella og legg på lokket. La blåskjella dampa i nokre få minutt på høg varme til dei åpnar seg (skulle nokre av dei ikkje åpna seg, så kastar du dei berre). Ta ut timiankvistane, klypp over godt med persille, skvis litt sitron over og server blåskjella. Server litt av sausen og, den er god å dyppa godt brød i! Server med brød, steikte poteter eller begge deler.

← Previous post

Next post →

9 Comments

  1. Hei Liv!

    Bra oppskrift, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

    • så hyggeleg 🙂

    • Bjørn Halvor Enciso Kvilhaug

      Nei Nei ikke ødelegge blåskjell med allverdens rariteter i, mye bedre å få kjenne den fantastiske fine nautrelle smaken av blåskjellene når de er kokte i bare saltvann helst rent sjøvann fra havet eller bruk havsalt.
      Har dere også krabbe som skal kokes så skrubb krabben før den kokes og hiv både krabbe og blåskjell og en god dasj med tare i gryta til koking av 8 10 krabber og noen never med blåskjell 5 liter vann og en stor kopp havsalt, nytes med Portugisisk hvitvin fra Duro området, verdens beste viner. Eller bare kose seg med den ølen en liker selv, alle har sine favoritter.

      • haha! synst du litt lauk og kvitvin er rart? 🙂 eg synst det er HEILT innføre! eg liker det sånn som dette, men du kan saktens gjere som du vil sjølv. fullstendig samd når det kjem til krabbe, men eg et jo ikkje kokevatnet til krabbe. derimot har eg stor sans for krafta som kjem frå blåskjell.

  2. jan Døviken

    Mangler bare hvitløk.

  3. En flott vri på denne oppskriften er å bruke hveteøl istedenfor hvitvin. Begge deler går veldig bra, og som drikke til blåskjellene passer også hveteøl (weissbier / wit) som hånd i hanske. Flere av våre mikrobryggerier lager fine varianter, f.eks. Haandbryggeriet. Det er ikke for ingen ting at en av de belgiske nasjonalrettene er moule frites (blåskjell med pommes frites) sammen med en hveteøl. Obligatorisk når man er i Brussels spør du meg! Tips om øl og matkombinasjoner finner du på min blogg, http://henning58.wordpress.com

    • eg liker best kvitvinsvarianten, men du kan sjølvsagt både dampa i øl eller drikka det til. det handlar vel berre om smak og behag 🙂

  4. Bjørnar

    Blåskjell, kvitløk, løk, chili, urter (dill, bladpersille), kvitvin og fløyte. Der har du oppskrifta til knallgode kremet blåskjell 🙂 må prøvast!

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.