Ratatouille er nok kanskje først og framst noko ein har til anna mat, det er til dømes kjempegodt til fisk eller kylling. Men det er veldig godt berre sånn i seg sjølv og, eller med pasta. Me hadde skikkeleg mykje parmesan til. Det var heller ikkje så verst.

Ratatouille

  • ein squash i skiver
  • ein halv aubergine i skiver
  • tre sjalottlauk, finhakka
  • tre fedd kvitlauk, finhakka
  • ein halv raud chili
  • tre paprikaar – ein gul og to raude, i strimlar 
  • ei matskei tomatpurè
  • ein kvist eller to med timian
  • to dl vatn
  • tolv småtomater eller fem store, skåret i to eller fleire
  • ti svarte oliven
  • ei ms sukker
  • salt, peppar
  • olivenolje til steiking

 

Slik gjer du:

Skjær opp alle grønsakene før du går vidare. Steik aubergin og squash i olje, legg dei til sides når dei er møyre og lett bruna. Steik lauk, kvitlauk og chili til dei er mjuke, ha i paprika og steik dei mjuke. Ha i tomatpuré og steik litt til. Finhakk timian og ha i vatn. La det koka litt til det tjukner litt, rør det godt saman. Ha i sukker.

Ha i squash og aubergine, og ha i tomater og oliven. Prøv å ikkje røra det i stykker no. Smak til med salt og peppar, og eventuelt meir urter (timian, persille og basilikum er godt!). Server.