Sjokolademousse

Kjærasten kom heim med nokre kjekke grøne ildfaste dessertskåler i dag, så me har testa om det går an å eta sjokolademousse av dei. Det går faktisk kjempebra! Denne oppskrifta held til seks porsjonar.

Sjokolademousse

  • 2 eggekviter
  • 100 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 150 g mørk sjokolade
  • 2 eggeplommer
  • 2,5 dl fløyte

Smelt sjokoladen over vassbad. Eggekvitene pisker du til luftig marengs saman med sukkeret, og fløyten visper du til luftig krem. Plommene visper du saman og rører inn i sjokoladen når denne har blitt kjølig nok. Vend så inn marengsen, og bland til slutt inn den piska kremen. Ha massen i glas eller skåler og set det kaldt så det set seg før servering. Pynt gjerne med appelsin eller bringebær eller mango!

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Elin Hidle

    Wow! Både skåler og mousse etter min smak. Topp dag!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.