Sellerirotsuppe med spekeskinke og parmesan

Det er eksamenstid no. Verda surrer rundt ulike læringsteoriar, tankar og idear om danningsideal og sosialisering og liknande. Eg er skikkeleg lei no, men om nokre veker har eg, viss eg står til muntlegeksamen, ein bachelorgrad. Det er ikkje verst berre det.

Denne suppa er fin og smakar mykje betre enn bilete og namn skulle tilsei. Eg liker det sprø og salte oppå! Denne oppskrifta held til middag til to svoltne eller forrett til fire. Du kan forresten bytta ut sellerirot med jordskokk eller persillerot viss du vil, det er og ganske godt. Du veit, sånn for variasjon.

 

Sellerirotsuppe

  • ei halv litt stor sellerirot
  • mjølk og fløyte
  • ei brødskive loff eller eit fint rundstykke
  • ei skive spekeskinke
  • parmesan
  • olivenolje
  • salt og peppar
  • ein kvist timian og rosmarin

Skrell og skjær sellerirota i terningar. Ha terningane i ei gryte og hell over så mykje mjølk og litt fløyte at det dekkjer akkurat. Ha i litt friske urter. Kok det møyrt, ta ut urtene, og mos med ein stavmiksar. Smak til med salt og peppar.

Skjær brød i terningar og steik dei i godt med olje i ei steikepanne til dei er gyldne. Legg dei til side, og steik strimlar av spekeskinke til dei er litt sprø.

Ha suppa i skåler, og ha på brødterningane, spekeskinka og høvle på litt parmesan. Ringle over litt god olivenolje. Server med litt brød.

DSC_7763

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Ah, du skildrar det godt! Eg driv også å søker mestringskjensle på kjøkenet då det går trått med eksamensskriverier. Suppa ser kjempegod ut! Den må eg prøve. 🙂

    • å, du er fin:) takk det same!
      og suppa er god den! folk burde ete langt meir suppe. og oppleve meistring på i allefall NOKRE områder..:)

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.