Fredagskvelden var eg åleine heime og tenkte at det var ei god tid for å laga is. Eg angra litt då eg skjønte kor seint det kom til å bli, men sånn er det berre, det er ved å prøva seg at ein lærer. Resultatet blei såpass bra at det er greitt uansett. Eg pusler litt rundt og prøver å rettferdiggjera for meg sjølv kvifor det er lurt å halda på med dette heller enn å lesa til eksamen, det einaste eg kjem fram til er at sommaren er kort, sånn som livet for øvrig. I alle fall: Her er første avsnitt av is-prosjektet.

Server forresten inmari gjerne med cookie-smular! Nokre smular under isen gjer at han ikkje smeltar like raskt, og at det ikkje renn is hit og dit. Og nokre smular over. Desse cookiane er dei beste å bruka, synst eg, men du greier deg nok 🙂

 

Vanilje-is med sjokolade

  • 4 dl fløyte
  • 3,5 dl mjølk
  • 2 eggeplommer
  • 150 g sukker
  • 2 ms ekte vaniljesukker
  • ei lita klype salt
  • 100 g sjokolade

Varm opp fløyte og mjølk til det nesten koker og trekk det til side. Miks saman eggeplommer, vaniljesukker, salt og sukker i ein bolle, og hell fløytemjølka over medan du pisker godt. Hell det attende til gryta, og varm opp til det tjukner – men ikkje varm det opp for mykje, for då blir det eggerøre, og det var jo ikkje målet… Hell det over i ein boks og avkjøl til romtemperatur før du set boksen i frysaren.

Når blandinga står i frysaren må du røra i han kvar halvtime til han er stivna, eller så får du ein sånn ekkel konsistens du hugser frå isboksar du frys ned att, dei som blir sånn krystallaktige og kjipe. Med røring får du derimot mjuk og glatt is. Enkelt val.

Når isen byrjer å få litt hald, litt sånn slush-aktig i konsistensen, skal du ha på sjokoladen. Smelt sjokoladen i vassbad, og avkjøl han til han er ganske kald, men ikkje stivner. Ringle over isen, og rør innimellom sånn at dei tynne strekane med sjokolade du lagar blir rørt godt inn i isen – dei stivnar med ein gong.