Kanel-is

Kjærasten er is-entusiast, og kom ein gong heim med ein heil sånn boks som dei sel is ut av på isvogner med kanel-is. Eg tenkte at kanel-is var litt teit, men det er det ikkje. Kanel-is er faktisk kjempebra!

Kanel-is

  • 4 dl fløyte
  • 3,5 dl mjølk
  • 2 eggeplommer
  • 150 g sukker
  • ei lita klype salt
  • 2-3 kanelstenger
  • 2 ts kanel

Varm opp fløyte og mjølk med kanelstang og kanel i til det nesten koker og trekk det til side. Miks saman eggeplommer, salt og sukker i ein bolle, og hell fløytemjølka over medan du pisker godt. Hell det attende til gryta, og varm opp til det tjukner – men ikkje varm det opp for mykje, for då blir det eggerøre, og det var jo ikkje målet… La blandinga stå på benken ei god stund, og smak om du synst kanelsmaken er passe sterk. Ta bort kanelstanga, hell det over i ein boks og avkjøl til romtemperatur før du set boksen i frysaren.

Når blandinga står i frysaren må du røra i han kvar halvtime til han er stivna, eller så får du ein sånn ekkel konsistens du hugser frå isboksar du frys ned att, dei som blir sånn krystallaktige og kjipe. Med røring får du derimot mjuk og glatt is. Enkelt val.

← Previous post

Next post →

15 Comments

  1. Hei!

    Bra oppskrift, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

  2. Denne skal jeg prøve i sommer! Har lagt den ut på min (f) side.

  3. Anita

    Nam – kanel er det beste jeg vet – lukter og smaker herlig, denne isen skal jeg jammen meg prøve å lage ja 🙂 En riktig god sommer

  4. Mmmm, den ser kjempegod ut! Skal prøves til bakt rabarbra snarest:)

    • åh. det høyrest ut som ein fantastisk kombinasjon! bakt rabarbra er jo SÅ godt!!

  5. Frøydis Ali Walstad

    Kanel er en yndet ingrediens i sydlige land og her i Marokko brukes den i det fantastiske marrokanske kjøkkenet til litt av hvert. Prøv også appelsin og epleskiver uten skall. Dander det på en tallerken, dryss med kanel og sukker. Ta gjerne og kutt noen jordbær sammen med og man har DEN deilige og friske desserten. Bon apetite….

    • kanel er FANTASTISK. koser meg mykje med kanel i supper, couscous og no og då i gryterettar. skal sjekka ut det du skriv om appelsin og eple med kanel- det høyrest skikkeleg godt ut:) takk skal du ha! så kjekt med Marokko, forresten, har alltid hatt ein draum om Marokko!!

  6. Ikke over 80 grader, da blir det eggerøre. Greit å ha med 🙂

    • haha, ja, det er vesentleg! :p eg har skrevet at det skal tjukna, men ikkje meir enn det – jamfør eggerøre. ingen vil ha kaneleggerøre. ærleg talt! 🙂

  7. Henriette

    Is-blandingen står til avkjøling på benken nå. Gleder meg til å smake! Ser for meg at eplekake og denne isen er en perfekt kombinasjon 🙂 Fikk servert eplekake med kanel-is og varmt kanel-smør helt over det hele i Texas en gang. Totalt usunt, men fantastisk godt!

    • åh. eplekakekombinasjonen din høyrest FANTASTISK ut. trur eg må prøva det snarast!! håpar du liker isen. eg synst han er kjempemessig i alle fall 🙂

      • Henriette

        Hei – jeg lurer på om jeg ikke gjorde det helt rett… Rørte hver halvtime i 13-14 timer! Så gav jeg opp, for klokken var halv ett på natten, og jeg trengte søvn. I dag var den steinhard, men smaken var jo helt himmelsk! Skal det ta så lang tid, eller gjør jeg det helt feil? Ble også litt krystallisert, er det best å røre med håndmikser, eller holder det å røre rundt med en sleiv? Kommer til å prøve igjen, med nystekt eplekake 🙂

        • oi, så dumt! hadde du avkjølt røra heilt før du sette han i frysaren? prøv med små porsjonar eller i ein litt flatare boks så det frys kjappare, elles vil det gjerne kunne ta lang tid, ja… det kjem veldig an på slike ting og kor kald frysaren er og så vidare kor kjapt det går. for meg har det tatt fire-fem timar stort sett, sånn til samanlikning. det er framleis keisamt å røra, men sidan eg uansett ofte sit og jobbar på kjøkkenet så gjer det ikkje noko.

          så bra smaken vart bra, sjølv om det blei knallhardt og tok tid :/ og kjempebra at du ikkje har mista motet, smaken av kanel-is ER jo bra, som du seier 🙂

          eg rører ganske heftig med visp og sleiv, og meir du rører jo mindre krystallisert blir det, sånn som du seier. kanskje vil handmiksar vere smart, det anar eg ikkje, men eg har liksom aldri gidda 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.