DSC_8024

Emmer er eit gamalt kornslag, ein forfar av spelten. Det luktar godt, smakar godt og har gode bakeeigenskåper. Når du bakar med emmer blir brødet mørkare enn om du til dømes brukte berre kveitemjøl. Du får tak i kornet i velassorterte butikkar. I Oslo anbefalar eg Mathallen i så måte. Så kan ein spørra kvifor ein vel å laga brød med økologisk emmer? Vel, produkta frå Holli mølle er skikkeleg bra greier. Dessutan veit eg kor det kjem frå. Eg liker det.

Neste gang vil eg ha valnøtter i, tenkjer eg. Ein god neve eller to blir perfekt.

 

Eltefritt brød med emmer i brødform, eitt brød

  • 0,5 ts tørrgjær eller ei mengd fersk gjær som om lag ei ert
  • 1,5 ts salt
  • 200 g kveitemjøl
  • 300 g sammalt, fint emmermjøl
  • 4 dl vatn
  • 1 ts honning

Rør saman det heile greitt saman, dekk med plastfolie og la det heva på kjøkkenbenken i 12-18 timar. Det skal vere ein litt våt deig.

Etter 12-18 timar heller du deigen på eit bakepapir du har strødd mjøl på. Brett deigen over seg sjølv ti-tolv gonger, og form det til eit brød. Viss deigen er klissete er det berre greitt, brødet blir saftig og fint det. Når altså deigen er forma nokon lunde som eit brød løfter du bakepapiret med brød og det heile over i ei brødform. Du kan eventuelt strø med frø eller kjernar eller godt salt eller kva som helst no, eg plar eigentleg det vere. La det etterheva i to timar.

Steik brødet, som no har heva seg til dobbel storleik, nedst i omnen, i førtifem minutt, og gjer det gjerne slik: Forvarm omnen til maks temperatur, men skru ned til 220 så snart du har hatt det i omnen. Det gir brødet eit lite ekstra løft. Viss brødet blir veldig mørkt oppå, så kan du legga eit bakepapir-ark over så det ikkje blir svidd, viss du er redd for det.