Først av alt: Eg er klar over at biletet ikkje er fantastisk. Men dette er skikkeleg, skikkeleg godt.

På onsdag avla eg siste eksamen på bachelorgrammet i pedagogikk. Så no har eg ein bachelorgrad – det er vaksenpoeng! Til hausten blir det master. Eg må leva i spenning til tidleg i juli for å vita kva eg kjem inn på, men det skal bli knallbra. Så no er livet godt. Det er godt når ting fell på plass, når livet smiler. Eg har aldri vore så sliten som eg har vore dei siste vekene, og framleis er, men no fell alt på plass, og når folk seier at studietida er den beste tida av livet, så skjøner eg kva dei meiner. Dei meiner nok ikkje dei vekene før eksamen, men elles er det strålande.

I dag har me feira livet med ein himla god middag – perfekt fordi han er både sunn og god. Middagsperler er polerte kornkjerner, og funker veldig godt som eit sunt og godt alternativ til ris og pasta. Velassorterte butikkar sel middagsperler. Denne oppskrifta held til middag til tre-fire stykker (det vil seie: middag i dag og formiddagsmat i morgon. Perfekt!).

 

Perlemiddag

  • 3 dl middagsperler (eg brukte emmerperler frå Holli mølle)
  • 6 dl god kyllingkraft
  • 2 store kyllingfiletar eller meir viss dei er små
  • 2 gulrøter, små terningar
  • 0,5 blomkål, små bukettar
  • 2 stangselleri, små terningar
  • 15 sukkererter, skjær i eit par bitar
  • 1 fedd kvitlauk i tynne skiver
  • matolje
  • salt, peppar
  • persille/løpstikke
  • 3 vårlauk

 

Skyll middagsperlene i kaldt vatn to-tre gonger til vatnet er klart. Kok perlene i god kyllingkraft i 20-25 minutt til dei er møyre og gode, under lokk. Rør litt no og då.

Krydre kyllingfiletane fint med salt og peppar og steik dei i litt olje. Legg dei til side og la dei kvila i ti minutt før du skjærer dei i skiver.

Skjær opp grønsakene. Steik dei raskt i panna du steikte kyllingen i, smak til med salt og peppar. Ikkje steik for lenge! Rør inn urter og vårlauk.

 

Legg opp og server. Kos deg!