Å laga risotto av gryn i staden for ris er kjempefint. Heile emmerkorn er ein super råvare som er både sunn og god, og minst like god som ris til risotto. Her har eg brukt emmer-middagsperler, men spelt- eller byggryn vil og gå heilt fint. Sørg berre for at du har ein variant som skal kokast i 20-25 minutt og ikkje sånn timesvis, for då tek det sjølvsagt lengre tid… Oppskrifta held til middag til fire.

Emmerotto med kylling

  • 3 dl middagsperler av emmer eller gryn av spelt eller bygg
  • 7 dl kyllingkraft
  • litt olivenolje
  • 1 finhakka sjalottlauk
  • 2 fedd kvitlauk i heilt tynne skiver
  • 2 finhakka gulrøtter
  • 20 sukkererter, grovhakka
  • 3 stilkar stangselleri, i små terningar
  • 2 store kyllingfiletar
  • 4 vårlauk, i små ringar
  • ein god neve riven parmesan
  • 1 ms smør
  • persille, finhakka
  • salt og peppar

 

Skyll middagsperlene godt i kaldt vatn. Kok dei så i kyllingbuljong i 20-25 minutt til dei er møyre.

Krydre og steik kyllingen i litt olje og legg til side. Skjær så i skiver.

Steik lauk og kvitlauk til han er mjuk, og ha dei andre grønsakene i mot slutten og la dei fresa bittelitt dei og. Ha dei over i dei ferdigkokte gryna saman med kyllingen. Rør inn vårlauk, persille parmesan og smør og smak til med salt og peppar.