No i det siste har livet vore ekstremt hektisk. Livet handlar om jobb, konsertar, pakking til søramerikatur og andre ting. Innimellom får ein prøve å finne tid til å vere saman med kjærasten. Då vert det mindre tid att til middagslaging. Dette er ein sånn hurtigmatvariant som du kan få skvist innimellom alt anna: Dette tek omtrent så lang tid som det tek å koka pasta.

Pasta carbonara er ypparleg mat, og baserer seg vanlegvis på bacon/pancetta, parmesan, egg, fløyte. Variantane er himla mange, og folk lagar det på ulikt vis. Eg liker det godt slik:

Pasta carbonara til to:

  • 250 g pasta – gjerne spagetti
  • litt olivenolje
  • 5 striper bacon eller pancetta, i små bitar
  • 1 kvitlauksfedd, knust og hakka
  • 30 g parmesan, riven
  • 2 små egg eller 1 stort
  • 6 ss fløyte
  • salt, peppar, urter (t.d. timian)

Kok spagetti.

Steik bacon eller pancetta sprøtt. Ha i eit kvitlauksfedd mot slutten av steiketida, saman med timian. Trekk av plata.

Pisk saman egg, ha i fløyte og parmesan og rør det godt saman i ein bolle. Bland inn godt med peppar og bittelitt salt (hugs at parmesan og pancetta/bacon allerede er ganske salt).

Ha pastaen over i eit dørslag, la han bli litt avkjølt og ha over litt olje. Ha pastaen over i steikepanna med baconet og hell over eggeblandinga. Rør. Det skal tjukna og bli ein saus – for varmt vil gje deg eggerøre og for kaldt vil gi deg ein veldig tynn saus. Vend ein gang til eller to og server med ekstra parmesan til dei som vil.