DSC_8948Okei: Det er haust. Eg er heime att frå ferietur til Sør-Amerika, det er snart studiestart att etc, og viss me ser vekk frå det voldsomme tordenet og regnet det har vore i dag så har det vore ein fantastisk varm Oslo-sommar i det siste: Dette markert med is. Dette er ein mektig sjokolade-is, så ein kan godt laga han mildare (med litt mindre kakao og sjokolade) viss ein liker mild sjokolade, men det var heller ikkje poenget her.

Sjokolade-is

  • 3 dl fløyte
  • 2 dl mjølk
  • 1,75 dl sukker
  • 5 eggeplommer
  • 50 g sjokolade
  • 50 g bakekakao
  • litt salt

Gje fløyte, mjølk, kakao og sukker eit raskt oppkok i ein kjele medan du rører ut alle kakaoklumpar, og avkjøl litt. Hell det over sjokoladen og la det smelta. Rør saman. Pisk saman eggeplommer og ei lita klype salt og rør dette inn i blandinga. Hell blandinga i ein iskremmaskin, og følg anvisningane til maskinen eller avkjøl heilt og set i frysaren og rør godt kvar halvtime til det vert iskrem. Server gjerne med pannekaker!