DSC_8952

 

(Dette er ein veldig god salat, sjølv om biletet er skikkeleg dårleg.)

I dag fekk me ein stor pose grønsaker og salat frå Kooperativet – det var første levering, ei prøvelevering. Konseptet er ganske enkelt: Oslo Kooperativ er eit medlemseigd- og medlemsdrive samvirke for direktesal av lokale økologiske råvarer som skal gavna både bønder og medlemmane, og alle medlemmane i kooperativet bidrar i nokon grad med bestilling av varer, kontakt med bønder, logistikk, pakking og så bortetter. I dag fekk me ulike salatar, gulrøter, spisskål, agurker, squash, raudbeter, kålrabi, persille, lauk, purre og mangold. Dei var kjempefine, og eg gler meg til neste pose allerede!

Til middag i dag brukte me agurk, salat og litt lauk, i løpet av veka skal det bli litt av kvart kjekt!

 

Salat til to svoltne

  • 1 andebryst
  • 0,5 avokado, i terningar (hugs å ta ein skikkeleg moden!)
  • 10 cm av ei agurk, i terningar
  • ein god neve rista og salta cashewnøtter
  • ei appelsin, skåre i filetar
  • ei god skive honningmelon, evt. vannmelon
  • eitt lite salathovud av ein salat du liker godt
  • salt og peppar
  • koriander

Dressing (det blir restar av dressingen men han er så god at det er greitt)

  • 6 ms smaksnøytral olje (t.d. solsikke- eller rapsolje)
  • safta frå 0,5 sitron
  • 4 ms soyasaus
  • 2 ts finhakka grøn chili
  • 2 ms finhakka lauk
  • 1 ts oystersaus
  • 2 ms finhakka koriander
  • 1 ts brunt sukker

Lag dressingen først så han får satt seg.

Skjær ruter i fettsida på andebrystet og gni det med salt og peppar. Legg det i varm, tørr panne og steik til fettlaget er brunt og sprøtt. Snu, og sett i steikomn på 180 grader i 15 minutt eller til det har ein kjernetemperatur på 57-62 grader. La det kvila før du skjærer det i skiver.

Skjær alt det andre som skal i salaten i biter og ha det i ein bolle, og ha på salt og peppar. Vend inn litt av dressingen i salaten, og server. Hugs at det er betre å ha i for lite enn for mykje dressing – så kan folk ha på meir viss dei vil det.