Bondebønner og avokado. Om pålegg.

DSC_8963

 

Frukosten i Peru bestod veldig ofte av brød med eggerøre eller avokado – gjerne kombinert med ein eller annan form for kjøtpålegg tilgjengeleg for dei som ville ha det. Og med frukt til frukostdessert. Det var heilt topp. Avokado var ein gjengangar: Du fekk det i salatar, og over alt som guacamole eller andre rører. Etter eg kom heim har eg øvd på avokado, og eg har funne nokre gode påleggsører i alle fall.

Her om dagen fekk me og bonebønner i hus. Eg har berre hatt bondebønner i suppe før, men tenkte at dei må vel vere supre i påleggsrøre og. Det var dei. Her kjem oppskrift på både guacamole, avokadopålegg og bondebønner- og avokadorøre.

 

Guacamole og avokado som pålegg
Guacamole er supert til alt av tex-mex-mat. Til dømes nachos, taco og så bortetter. Avokado som pålegg er og supert: Avokado i skiver er perfekt pålegg. Men som avveksling er avokadorøre og inmari godt – helst på veldig grovt brød, og du kan godt ha tomat eller kjøtpålegg til. Det er godt, det!

  • 1 avokado
  • 0,5 sjalottlauk, finhakka! (du kan godt ta ein heil til guacaole)
  • 1-1,5 cm finhakka raud chili (dropp gjerne denne viss du vil ha det som pålegg)
  • to gode skvisar sitronsaft
  • salt, peppar
  • godt med koriander, finhakka

Mos avokadoen godt, og rør inn alt det andre. Smak til om du treng meir krydder eller sitronsaft.

 

Avokado og bondebønner som pålegg
Bondebønner er inmari godt, rett og slett, og viss du får tak i dei så er det topp! Server gjerne med spirer oppå, eller du kan smøra det tynt og ha pålegg på toppen. Bruk gjerne urter i og.

  • 0,5 avokado
  • 400 heile bondebønne-belgar
  • ein god skvis sitronsaft
  • salt, peppar
  • olivenolje
  • tomater

Ta bondebønene ut av belgane, og kok dei i nokre minutt i lettsalta vatn. Skyll dei i kaldt vatn og ta av skinnet på bønene, så du berre har sjølve dei grøne bønene att. Mos bøner, avokado og sitronsaft med stavmiksar, og bre det utover brød og ringle over litt olivenolje, ha over litt salt og peppar og legg på litt tomater.

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Hvor i Peru var du? Høres spennende ut! har du noen spesielle hoteller eller restauranter å anbefale? 🙂 f.eks hvor fikk man servert slik mat? Overalt i hele peru eller et spesifikkt sted? Fikk så lyst til å dra til peru nå altså jeg :))))

    • me var i Lima, Cusco og ein haug småstadar som Ollantaytambo og sånt på veg til Machu Picchu og så til Bolivia. av hotell-anbefalingar har eg veldig få – i Lima ville eg budd på Pariwana, som var eit hostel med åttemannsrom, men alt anna me budde på var kjipt, kaldt, dårleg standard og billig. billig var med andre ord ein prioritet..:) mat med avokadopålegg fekk ein til ein særs billig penge på alle hotell- og hostellfrukostar me var på, eg trur det er ekstremt vanleg. elles anbefalar eg berre at du et GJENNOMKOKT mat på stader du synst ser reine ut. elles: google stadane du skal vere på, og gå for noko som virker bra hvis du vil ha bra mat. men dra gjerne til Peru. det er generelt dritfint.

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.