DSC_8965

 

Eg jobbar for tida med å finna dei perfekte småkakene til te. Idealet er sprø, flate, litt harde vaniljekjeks, kanskje med litt sitron, som ikkje smuldrer fullstendig, og som ikkje er så overveldande i seg sjølv at dei tek heile showet frå teen. Så: Eg øver. Her er ei oppskrift på veldig gode vaniljekjeks som mor laga då eg var lita. Eg tenkte at det var ei fantastisk oppskrift og at ho sikkert var litt hemmeleg, men det er visst den som står bak potetmjølpakka. Eg har endra dei litt etter kva eg synst er godt. Dei er sjukt porøse og delikate og smakar himla godt av vanilje.

Vaniljedraumar

  • 125 g smør
  • 125 g sukker + litt ekstra oppå
  • 1 lite egg
  • 250 g potetmjøl
  • 60 g kveitemjøl
  • frøa frå ei vaniljestang

Rør smør og sukker kvitt, rør inn egget og vaniljefrøa og rør så inn mjøl. Ikkje rør meir enn du må (mykje røring av mjøl=meir glutenbindingar=seigt. Ein vil jo gjerne ha porøse og sprø småkaker).

Rull deigen ut til ei pølse, legg ho kaldt og skjær skiver som du ruller runde, trykker litt flate på ein tallerken med sukker, sånn at du får sukker på toppen.

Steik på 200 grader i om lag 8 minutt til dei har berre ein antydning til gyllen farge. Avkjøl på rist.

Server – gjerne med jasmin-te.