DSC_8985

 

Det er val, eg har laga valkake. Dette er ei litt tung browniesjokoladekake med masse sjokoladekrem og litt vaniljekrem på toppen. Med godt med raude bær og litt hermetiske pærer. Oppskrifta er basert på browniekaka til Trine, som er verdas beste.

Det er ei enkel røre saman-kake med mykje fyll. Du kan godt lage kaka dagen før, men det ser heilt klart best ut om du har på fyllet same dag som du skal servere ho. Mor meiner kaka er betre dagen etter når ho får satt seg litt, og det kan eg forsåvidt vere samd i, så lag gjerne botnen dagen før, og lag og ha på fyllet når du skal servera kaka. Smart, kva!

 

Botn:

  • 150 g smør
  • 200 g sjokolade, 70% kakao
  • 3 egg
  • 170 g sukker
  • 125 g kveitemjøl
  • 0,5 ts bakepulver
  • ei klype salt
  • frøa frå 3/4 vaniljestang

Smelt smøret i ei lita gryte på låg varme, trekk av plata og ha i sjokoladen. Når det har smelta rører du det saman, og rører inn eitt og eitt egg. Ha i sukker, vanilje, bakepulver og mjøl. Det skal bli ei jamn og tung røre. Ha i ei form på 22 cm i diameter og steik på 175 grader i ca. 25 minutt. IKKJE bak for lenge: Eg liker best når ho er litt understekt. Det er berre trist med oversteikt og tørr kake.

 

Sjokoladefyll:

  • 1 dl fløyte
  • 1,5 ms vatn
  • 1,5 ms sukker
  • 200 g sjokolade
  • 1 ms smør

Ha sjokolade og smør i ein litan bolle. Kok opp vatn, fløyte og sukker og hell blandinga over sjokoladen og smøret. La det stå til sjokolade og smør har smelta, og rør det så saman. Denne blandinga tjukner når ho vert kaldare, så la røra bli romtemperert før du uroer deg for at det er for flytande 🙂

 

Krem:

  • 3 dl kremfløyte
  • frøa frå 1/4 vaniljestang
  • 2 ts sukker

Pisk alt saman til du får mjuke toppar. Ikkje pisk kremen for mykje, det er ikkje så delikat!

 

Montering:

Alt må vere kaldt før du monterer kaka. Legg botnen på eit fat. Brei over sjokoladekremen. Avkjøl heilt, heilt i kjøleskap. Brei over kremen. Eg har hatt tynne skiver av hermetisk pære mellom sjokoladekremen og kremen, og masse jordbær på toppen. Men andre frukt- og bærtypar er og heilt topp!

 

DSC_8984