DSC_8999

 

Frukost har eg fått meir og meir sans for. Oftast et me omelett, men av og til får ein laga rundstykker. Viss du er som meg og ikkje er sjukt keen på å stå opp i otta for å laga mat, så rører du kjapt saman deigen kvelden før og så frå du står opp til frukosten er ferdig tek det sånn tre kvarter. Det er ikkje så verst.

Eg laga og plommesyltetøy av dei plommene eg såg me ikkje ville rekke å eta opp. Syltetøyet kan du jo for all del laga på ei anna tid av døgnet enn til frukost 🙂 Det held seg jo ærleg talt godt ei stund. Er ikkje fargen heilt fantastisk, forresten?

 

Eltefrie, grove rundstykker

  • 4 dl kaldt vatn
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 200 g fin sammalt rug
  • 320 g kveitemjøl

Kvelden før: Rør ganske kjapt saman alle ingrediensane til ein litt våt deig. Du treng ikkje elta eller noko sånt, berre få det saman til ein jamn deig. Trekk plastfolie over bollen, og la han stå over natta, i 8-16 timar.

Morgonen: Skru omnen på full varme. Ha mjøl på bordet, og hell deigen på bordet. Brett deigen over seg sjølv nokre gonger, og trekk han så ut til eitt avlangt rektangel. Del deigen i 12 stykker. Form desse bittelitt (dei er sjarmerande når dei ikkje er super-runde og perfekte og), og ha dei på eit steikebrett. La dei etterheva ein halvtime. Set rundstykkene inn i omnen, og skru ned varmen til 250 grader. Steik i ca. 10 minutt til dei er ferdige. Avkjøl på rist.

 

Plommesyltetøy

  • 500 g plommer
  • 200 g sukker

Skjær plommene opp i middels bitar, og fjern steinane. Hell over sukker, og rør forsiktig i så alt er dekka av sukkeret. Ha plastfolie over og set det i kjøleskap nokre timar til plommene har væska seg (viss det har kome veldig lite saft frå plommene får du ha i litt vatn og). Hell alt saman over i ei lita gryte og kok til plommene er mjuke og fell litt frå kvarandre. Smak til med sukker viss du synst du treng litt meir. Hell syltetøyet på heilt reine glas.