DSC_9004Det absolutt beste å kome heim til når du er våt på føtene etter ein lang tur ute i regn og kulde er lukta av eplekake, med lukta av gryterett eller kanelbollar som ein god nummer to. Ekstra stas er det jo når epla er i sesong, og du plukker litt sure eple frå trea sjølv. Denne eplekaka er veldig enkel og kjapp å laga, er best med sure eple og smakar kjempegodt lunka med vanilje-is eller vaniljekesam eller noko tilsvarande.

Eg ser for meg at kaka kan lagast med pærer, plommer eller bær og, det er neste prosjekt å testa ut.

Eplekake

  • 125 g smør, romtemperert
  • 125 g mjøl
  • 125 g sukker
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 2 egg
  • 4-5 små, litt sure eple
  • sukker og kanel til strø
  • 1 neve mandlar

Bland mjøl, sukker, bakepulver og vaniljesukker. Ha i smøret og rør det saman. Rør saman egga kjapt i ein eigen bolle og rør det inn i deigen.

Skrell epla og skjær dei i båtar. Trykk dei godt ned i eplekaka. Fyll gjerne på med så mange du får plass til. Strø over sukker og kanel. Hakk opp mandlar og strø på toppen.

Steik kaka på 200 grader i 25-30 minutt.