DSC_9011

 

I haust var eg på Taste of Oslo, den matfestivalen de veit som det vart snakka mykje om. Dei var sjukt gode på reklame, og hadde mykje spennande av program – du kunne til dømes vere med på matkurs eller sjå på kokke-teater. I tillegg kunne ein kjøpa smårettar rundt omkring. Eigentleg synst eg det var veldig overprisa: Du betalte ganske godt for å koma inn på området, og så kosta det aller, aller meste der inne og pengar. Eg fekk gratis inngang, og det var ganske moro. Viss du du ikkje får det, så kanskje du ikkje er så interessert. Det ville ikkje eg vore.

Men ein av tinga som var kjekt der, var at me, ein gjeng matbloggarar, var på eitt av desse matkursa. Me laga lammekjøttbollar og ein himla frisk og god couscoussalat til, og det var heilt topp. I ettertid har eg prøvd å gjenskapa retten, men sidan eg har rota bort oppskrifta, er det litt etter hukommelsen. Me hadde forresten kvitlauksbrød til her heime.

 

Lammekjøttbollane

  • 400 g lammekjøttdeig
  • 2 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 ts frisk oregano, finhakka
  • 0,3 ts malt muskatnøtt
  • 0,5 ts spisskummin
  • salt, peppar

Bland alt godt saman og set til side. Steik kjøtbollane først når alt anna er klart. Form små kjøttbollar og steik dei i litt solsikkeolje til dei er gjennomstekte.

 

Couscousen – og dressingen til

  • 200 g couscous
  • 2 dl kokande vatn
  • 2 ms olivenolje

Hell kokande vatn og olja over couscousen. La det stå og trekka til det er ferdig og avkjøl til romtemperatur.

  • 2 ms olivenolje
  • 2 ms solsikkeolje
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • 10 små jordbær i biter
  • 3 ms grovhakka koriander
  • 2 ms finhakka sjalottlauk eller smålauk
  • 0,5 avokado i biter
  • safta av ein lime
  • 0,5 finhakka raud chili
  • salt, peppar

Bland saman alt i ein stor bolle, og ha i den avkjølte, ferdig trekte couscousen. Smak til.

 

Ajvar-dressingen

  • 4 ms matyoghurt eller kesam
  • 2 ms ajvar
  • 0,5 fedd finhakka kvirlauk
  • salt, peppar