Jordskokksuppe

Anna kvar veke er eg og hentar ein pose økologisk mat frå Kooperativet. På torsdag gjorde eg og det, og samstundes som Kooperativet delte ut posane til dei som hadde bestilt, hadde nokre av bøndene marknad i Mathallen. Det var eple, rotgrønsaker, honning, egg, osv. Eg er jo entusiast når det gjeld bærekraftig og rettferdig mat – eg vil gjerne ha ei verd som held nokre år til, og eg vil at dyra eg et kjøtt frå skal ha hatt eit godt liv – så eg handlar alt økologisk viss eg får det til, og slike dagar er det veldig lett.

I tillegg til at me prøver å handla mest mogleg økologisk, et me mykje vegetarkost. Og dei norske grønsakene er fantastiske om hausten, så det er slett ikkje noko offer. Eg meiner, verkeleg!

Jordskokk smakar deilig og litt nøtteaktig, og kan brukast mykje på same måte som potet. Jordskokk blir lett misfarga av å ligga skrelt i frisk luft, så kok dei gjerne med litt fløyte i vatnet. Du kan skrella dei viss du vil, men mykje av smaken ligg like innføre skalet. Vask dei godt, så betyr ikkje skalet noko. Dei er dessuten gjerne litt krøkkete å få skrelt på grunn av fasongen, så berre ikkje gidd, er mitt beste tips 🙂

Ps. Suppa blir litt gråare på den måten. Viss du vil ha heilt KRITTKVIT suppe gjer du slik: Skrell jordskokkane, og legg dei i kaldt vatn med sitron med EIN gong du har skrelt dei. Men igjen: Det er for dei som gidd 🙂

 

Jordskokksuppe til to

  • 2 sjalottlauk, grovhakka
  • 2 fedd kvitlauk, grovhakka
  • ca 5 jordskokkar, i skiver, vaska men ikkje skrelt
  • (ca 3-4 dl) mjølk
  • nokre stilkar timian
  • olivenolje til steiking
  • 0,3 buljongterning eller litt kraft
  • salt/peppar

Topping

  • ein stilk vårdlauk
  • nokre nevar sopp

Steik lauk og kvitlauk litt mjukt i olja, og ha oppi jordskokkane. Steik desse med litt. Ha oppi timian og mjølk og kraft eller buljong, nok til at det dekkjer jordskokkar og lauk. Kok til alt er møyrt. Ta ut timianen før du mosar med stavmikser eller blender. Viss du vil ha ei tynnare suppe, så justerer du med meir mjølk.

Børst soppen fri frå rusk og skog og del dei opp litt. Skjær vårlauk i skiver. Steik i litt olje, og smak om du vil ha litt salt og peppar oppi. Server.

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Så lekkert ut! Jordskokksuppe er bare utrolig godt, – jeg ble frista til å forsøke med kantareller neste gang:)

Legg att eit svar til Liv Avbryt svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.