Kinesisk hønsesuppe

Foreldra mine hadde suppeklubb saman med nokre vener av seg då eg var barn, og inviterte kvarandre på suppe på kveldane. Kven som laga og inviterte gjekk på rundgang. Eg veit jo ikkje korleis det var hjå dei andre, men hjå oss var det som regel rester, og då blei det suppe til middag dagen etter.

Ein dag hadde me denne suppa til middag dagen etter ein sånn suppekveld. Då var det ein del ting som falt på plass. Eg blei entusiast. Suppeentusiast. Eg må berre understreka det litt til: Det er ei fantastisk suppe. Etter kvart som eg har blitt eldre har suppa berre vakse på meg. Ho er betre for kvar gong. Dette er ei av mine topp fem suppefavorittar. Ever.

Då eg fann frosne høner hjå Stangeriet i Mathallen (eg har lett lenge etter høns!) var det på tide å laga denne suppa igjen. Du kan bruka kylling i staden, men hønsekraft og -kjøtt er definitivt best her. Kanskje synst du somme av ingrediensane ser vanskelege ut å få tak i? Ein butikk med godt utval har som regel det du treng, alternativt får du gå innom ein innvandrarbutikk og sjå om det ikkje ordnar seg. Det er verdt omvegen!

 

Far si fabelaktige kinesiske hønsesuppe

  • 2 små høner/1 stor (+ vatn, 2 gulrøter, 1 lauk, 1 stilk stangselleri til kraft)
  • 1,5 liter kraft frå hønene
  • litt oksebuljong i tillegg
  • 1 ms ketjap benting (søt soyasaus)
  • 2 ms kvitvinseddik
  • 4 ms eplemost evt. 4 ms eplemos
  • 2 ms sukker
  • 2-3 boksar tomatpuré
  • 1 lita ts sambal oelek
  • 1 lita ts sambal brandal
  • 1-2 kvitlauksfeidd, finhakka, evt 1 ts kvitlaukspulver
  • tabasco etter smak
  • salt/peppar
  • 2 egg, piska
  • tynne risnudlar

Framgangsmåte

Heitt tips: Du kan gjerne laga kraft ein dag i forvegen, så går det sjukt kjapt når du skal laga suppa. Ingenting i denne suppa er særleg mykje arbeid, det tek berre litt tid med kraft, liksom:)

Krafta og hønsekjøttet: Skyll hønene godt og ha dei i ein romsleg kjele. Hell på vatn til det dekkjer. Ha i litt gulrøter, lauk, stangselleri og kok opp. Skum av når det koker, og skru ned varmen så det berre såvidt koker. La det koka heilt til kjøttet fell av beina – det tek nokre timar. Ha så hønene på eit fat for seg, kast grønsakene og ta vare på krafta (om det blir meir enn halvannan liter kraft, så bruker du resten til risotto eller noko anna moro). Rensk hønene når dei er lunka (det er lettast) – kast skinn og bein og ta vare på kjøttet.

Suppa: Finhakk kvitlauk og steik i BITTELITT olje til han er mjuk, ikkje brent. Ha i tomatpuré og steik denne med ei heilt kort stund. Ingenting skal bli brent! Ha i alt det andre utanom egg og risnudlar – smak til. Rør egga godt saman og hell dei oppi den heilt varme suppa i ein tynn stråle så dei blir tynne strimlar. Ha oppi risnudlane og kok eit minutt eller to til, så er dei ferdige.

 

 

 

← Previous post

Next post →

3 Comments

  1. Nils Trygve Hauge

    Denne suppe er rangert som en av de aller beste i Sjernarøy Gastronomiske Forenings over tjueårige historie, og oppskriften har til nå vært en godt bevart hemmelighet.
    Foreningen overbringer de beste hilsener, og vi ser med stor tilfredshet at neste generasjon følger den gode tradisjon med å fremstille god mat og nyte den i godt lag!

  2. Henrik Melsom Edvardsen

    Hællæ, godt nytt år, Liv. Så fantastisk blogg og bok som du har laget! Denne suppa skal jeg prøve 🙂 og så skal jeg finne deg på FB når jeg kommer hjem.
    Hilsen Henrik

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.