I helga var eg heime på Sjernarøy, og fekk vere med på å prøva den nye bakaromnen til far. Omnen kunne halda betydeleg fleire hundre grader enn steikomnen, og me laga både store mengder små-pizzaar, og me steikte eltefrie rundstykker. Så i i mørket og litan storm fyrte me, gjorde klart og laga mat. På eit tidspunkt snødde det og litt. Heldigvis kunne me ete inne. Rundstykkene kan du steika i vanleg steikomn og. Sånn viss du ikkje har bakaromn.

Det er far min på begge bileta forresten. Øvst kan du sjø rundstykka me steikte, og ein variant av spekepølsene far har laga i vinter, nedst er bakaromnen klar for å legga inn pizza. God stemning!

 

Eltefrie rundstykker i bakaromn

  • 1 liter mjøl
  • 0,5 liter vatn, kaldt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 1,5 ts salt
  • 1 ss honning
  • litt flaksalt til å strø over like før steiking

 

Bland saman vatn, tørrgjær, honning og salt. Ha så i mjølet, og rør det saman med ei skei eller sleiv til det heng i hop. Du treng ikkje tenka på elting. Deigen skal bli klissete og litt våt, det er heilt greitt. Set deigen til heving under plastfolie eller lokk i 12-18 timar. Då skal du ha fått ein deig med bobler på overflata.

Set omnen på så varmt som mogleg. Tøm deigen på ein kjøkkenbenk med godt med mjøl på, og strø litt mjøl over. Brett deigen over seg sjølv 8-12 gonger, eller så mange gonger det trengs for at han skal samla seg litt – du vil sjå at deigen blir fastare. Del så deigen i 16 emner, og brett desse og littegranne saman, eller berre sleng dei rett på ei steikeplate. Strø gjerne flaksalt over viss du vil. La dei etterheva ein halvtimes tid, og set dei midt i omnen. Skru ned til 250 grader og steik i 8-12 minutt eller til dei er gyldne og ferdige. Avkjøl på rist.

 

bakerovn