Det er utruleg godt med gulrotkake. Enkelt er det og, det einaste er at det er litt keisamt å riva gulrøtene. Viss du har flaks har du kanskje foodprosessor med rivefunksjon – eg berre riv det for hand og tenkjer det er godt for karakteren eller noko. Så no, etter gulrotkake til frukost, skal eg ta med meg feberen min og kanskje få skrive ferdig denne masterskissa.

 

Gulrotkake

  • 200 g sukker
  • 2 egg
  • 1,75 dl solsikke- eller rapsolje
  • frøa frå ei vaniljestang, evt. vaniljesukker
  • 1,5 ts kanel
  • ein knivsegg riven muskattnøtt
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • 210 g kveitemjøl
  • 120 g hakka sjokolade – eg brukte ca 85 g mørk kokesjokolade og 35 g kvit sjokolade
  • 280 g finriven gulrot (skrell først, mål etterpå – det du skjærer bort av skrell ol. skal ikkje reknast med!)
  • 1 eple, rive
  • 0,75 ts riven fersk ingefær
  • finrive skal frå ein sitron (vask godt først, og kun det gule!)

 

Fyll (dette er ein raus porsjon)

  • 200 g philadelphia-ost
  • 250 g melis
  • 100 g smør, romtemperert
  • frøa frå ei vaniljestang evt. vaniljesukker
  • evt bittelitt sitronsaft

 

Slik gjer du:

Først av alt: Gjer alt klart. Skrell, riv og mål opp alt saman, og lag klar ei kakeform kledt med bakepapir både i botn og på sidene.

Så: Pisk sukker, egg og olje godt saman. Ha i kryddera og hevemiddel: Vaniljesukker, kanel, muskatnøtt, natron og bakepulver. Rør det godt saman.

Tilsett mjøl. Rør ut alle klumpar, bruk ei sleiv, skei eller slikkepott og ikkje rør meir enn du treng.

Rør inn sjokolade, gulrot, eple, ingefær og sitronskall.

Steik midt i omnen på 180 grader i ca 47 minutt. Du må følga med og sjekka undervegs.Kaka skal ikkje vere så klissete at noko heng fast i ein kniv når du sjekkar.

Avkjøl kaka i forma. Når ho er heilt kald har du ho på eit fat og har på fyllet.

 

Fyllet kan du laga medan kaka er i omnen eller avkjøler seg. Ha alle ingrediensane i ein bolle og miks det godt saman. Smak til med sitronsaft!