Dette er ein kjempebra og veldig enkel variant av eltefritt brød. Det høyrest litt tøysete ut, men det er verkeleg godt med smør på når du berre vil ha noko godt til kvelds eller til kaffen eller noko sånt. Du kan variera med litt sukker og rive appelsinskal til strø i staden for kanel og sukker, eller du kan ha i sjokoladebitar. Det er og kjempegodt!

Kanelbollebrød

  • 500 gram kveitemjøl
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • tre gode nevar rosiner
  • 2 dl mjølk
  • 2 dl kaldt vatn
  • 2 ss kanel og 3 ms sukker som strø (strø kvar gong du bretter deigen før etterhevinga så du får lag i brødet)

 

DSC_9127

 

Framgangsmåte

Ha alle ingrediensane i ein bolle, og rør det raskt saman med ei tresleiv eller noko. Deigen skal vere klissete. Dekk til bollen med plast, og set han til heving i romtemperatur i 12-18 timer. Deigen er boblete på overflaten når han er ferdig heva.

Hell deigen ut på eit bakepapir med mjøl på og brett han over seg sjølv 12-14 gongar – til deigen vert fastare og vanskelegare å bretta (fordi han vert «rundare» på ein måte). Strø litt sukker og kanel mellom kvart lag. Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han ligga der til etterheving i om lag 2 timer.

Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming. Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i minst 2 timer), tek du gryta ut av omnen.

Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Sett på lokket og putt heile greia i omnen. Skru ned til 230 grader. Steik i 30 minutt (på nedste rille), ta så av lokket og steik 15 minutt til.

 

Det beste er å la brødet avkjølast heilt før du skjærer skiver av det. Viss du vil behalda den sprø skorpa, oppbevarer du brødet i eit reint kjøkkenhandkle.