Det høyrest kanskje rart ut, men det er kjempegodt med raudbete i kake. Du vil få ei veldig saftig sjokoladekake som ikkje smaker raudbete (litt på same måte som gulrot i gulrotkake berre gjer kaka saftig og god). Kombinasjonen raudbete-sjokolade er i alle fall veldig heldig. Det er ei litt vaksen kake, så viss det er til barneselskap ville eg kanskje funne ei meir barnevenleg ei. Men verkeleg, go for it! Ho er kjempegod!

IMG_1242

Raudbete- og sjokoladekake

  • 230 g raudbete (vei når han er kokt og skrelt)
  • 200 g kokesjokolade (60-70%)
  • 200 g smør
  • 0,5 dl espresso
  • 5 egg (skil dei så du får eggekviter og eggeplommer kvar for seg)
  • 110 g melis
  • 110 g mjøl
  • 1,25 ts bakepulver
  • 3 ss kakao

 

Fyll

  • crème fraîche
  • valmuefrø

DSC_9164

 

Først av alt: Mål opp alt så det er klart.

Set steikomnen på 175 grader og smør ei kakeform på ca Ø20 cm.

Kok raudbetar i vatn til dei er møyre. Det tek ca 30-40 minutt. Avkjøl og skrell. Skjær i litt mindre bitar før du mosar dei i foodprosessor eller tilsvarande til dei er temmelig fint moste. Vei den ferdige mosen – du skal ha 230 g ferdig mos. Det tilsvarar ein middels stor raudbete.

Smelt sjokolade og smør i vannbad. Når det er smelta set du det til side og heller i espresso. Rør det saman.

Rør saman eggeplommene. Tilsett raudbetemosen og sjokoladeblandinga og rør det godt saman.

Pisk eggekvitene stive saman med melisen. Ha i melisen litt etter litt medan du piskar.

Vend ein tredel av dei stivpiska eggekvitene inn i resten av røra. Vend så inn resten av eggekvitene, ikkje vend meir enn du må. Du vil behalda lufta!

Bland saman mjøl, bakepulver og kakao. Rør forsiktig inn blandinga i røra. Ikkje rør meir enn du må, men få ut klumpane.

Hell røra i forma, set midt i omnen. Skru ned varmen til 160 grader. Steik i ca. 40 minutt til du kan stikka ein kakestikkar el. i ho og det ikkje sit fast deig.

 

bilde-2