Kjærasten og eg et mykje fisk og sjømat. Om lag halvparten av middagane me lagar er med fisk eller skaldyr, og veldig ofte er det stekt fisk me har. Det er enkelt, sunt, ikkje urimeleg i pris og så er det veldig godt. På veg heim går kjærasten gjerne innom fiskebutikken vår i Mathallen, Frøya Sjømat (ja, for det er vår fiskebutikk), og tek med seg noko han synst ser bra ut eller noko dei anbefalar. Det er eigentleg fint, så får me prøvd noko nytt og. Eg har ein slags ambisjon om å få prøvd alle tinga dei har og får inn etter kvart, og så langt har det gått kjempefint når han har tatt med seg ting heim, men eg er eigentleg litt glad for at kjærasten ikkje har kome heim med ein blekksprut eller noko sånt enno..:)

 

Stekt hyse med grønsaker og salat

Grønsakene: Set på vatn til grønsakene. Kok først potetene, ha så i gulrøtene når potetene snart er ferdige. Kok blomkål heilt til slutt, dei skal berre ha nokre heilt få minutt.

Salat: Skyl salaten i iskaldt vatn og la han stå i kaldt vatn i ein halvtimes tid viss du har tid, så blir han sprø og fin. Tørk han i salatslynge eller med ein handduk. Skjær opp.

Steikt hyse:

  • skinn- og beinfri filet (150-200 g per person)
  • 2 ms mjøl
  • 1 ts peppar
  • 1 ts salt
  • 1-2 ms smør

Bland saman mjøl, peppar og salt. Vend filetane i det. Varm ei panne med smør. Når smøret har slutta å skumma, er panna varm nok: Ha i fisken. Når det piplar opp bittelitt væske snur du han og steiker ferdig. Så er du i mål. Server!