Altså, frukost. Det er eit fantastisk måltid. Noko av det absolutt beste eg veit er å vakna utkvilt og så laga frukost når eg har god tid og drikk te eller noko. Ein heilt vanvittig god frukost er arme riddarar. Mor pleide å laga det av og til då eg var lita, og det var så sjukt godt då. Men i motsetnad til sånn ca alt anna som var sjukt godt då eg var lita, så har ikkje dette tapt seg. Det er stadig fantastisk. Åh, arme riddarar!

 

Arme riddarar til to

  • to svære brødskiver (eller tilsvarande fleire viss dei er små)
  • 2 små egg
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 klatt smør
  • litt vanilje
  • server med sukker/kanel/syltetøy/noko anna du vil ha

Framgangsmåte

Rør egga hardt saman, og bland i mjølk og vanilje. Legg brødskivene i bløyt. Varm smøret i middels varm panne. Når brødskivene er heilt mjuke og har trekt til seg tilstrekkeleg væske steiker du dei til dei kjennest ferdige. Server med sukker og kanel eller kva du liker. Kjempefint!