For litt sidan kjøpte eg Smitten Kitchen si kokebok, med oppskrift på tyske pannekaker, og kalla dutch baby, som du steiker i steikomnen i jernpanne, dei puffar seg litt opp og blir ruflete, kantane er litt sprø og midten er silkemjuk og fantastisk. Det er verkeleg noko å prøva ut!

Deb frå Smitten Kitchen har ei oppskrift på pepperkakepannekaker som er heilt super, oppskrifta som følgjer er endra berre litt etter smak og behag, samt norske ingrediensar. Eg tenker at dei og fungerer særdeles godt og utan pepperkakekryddera og med litt mindre sukker, meir som vanlege pannekaker, altså, men prøv det! Det er ein kjempeidé! Elles serverer du berre med bær eller syltetøy eller berre med melisdryss og med sitron til å ringla over.

 

Pepperkakepannekake til to:

  • 2 store egg
  • 1,25 ms sukker
  • 40 g kveitemjøl
  • 0,25 ts malt kanel
  • 0,15 ts malt ingefær
  • 0,15 ts malt nellik
  • 0,15 ts malt/riven muskatnøtt
  • ei lita klype salt
  • 0,8 dl mjølk
  • ein klatt smør
  • melis og sitron til servering

Gjer slik:

Først av alt: Skru steikomnen på 180*C. Pisk egga godt saman, og bland i alt med unntak av melis, sitron og smør. Rør det godt saman. Smelt smøret i ei litt lita jernpanne (mi er Ø20 cm), og la det bli ganske varmt. Hell på panna så kantane og er smurt. Hell i røra. Hell litt på panna så røra kjem opp på kantane. Steik midt i omnen til pannekaka er gyllen, ca 15-20 minutt.

Server med melisdryss, og ringle gjerne litt sitron over.

 

nederlandskpannekakemediumst