Dette er det luftigste og mest fantastiske bakverket nokon gong. Det er heilt fantastisk. Mor plar laga variantar av desse, dei er ideelle til kaffimat eller liknande.

Vannbakkels

  • 125 g smør
  • 2,5 dl vann
  • 125 g kveitemjøl
  • 4 små egg

Pisk egga litt. Kok opp smør og vatn. Når vatn og smør koker har du i mjølet og rører det saman til det samlar seg. Hell røra over i ein annan bolle og rør medan det avkjøler seg litt. Så rører du i egga litt etter litt medan du piskar godt (ikkje ha i egga om røra er ALT for varm, då blir det eggerøre). Det ser gjerne ut som det held på å skilla seg, men det går bra, deigen samlar seg ganske kjapt att.

Ha deigen i ein sprøytepose og lag små runde kuler omtrent så store som en tjuekroning. Ha perlesukker over hvis du vil. Ikkje set dei for tett på steikebrettet, dei utvider seg. Steik på 210 grader i om lag 15 minutt, alt etter kor store du lagar dei. Steik dei til dei er gylne og sprø utpå og mjuke inni, då fell dei ikkje saman. Avkjøl litt på brettet før du flyttar dei over på rist (okei, eller prøvesmak med ein gong, dei er sjukt gode lunka!).

Lag eit lite hol i og sprøyt vaniljekrem inni, eller ha berre melis på toppen i staden. Eller ringle litt sjokolade over viss du har! Kjempegodt!

 

IMG_1345