Fint surdeigsbrød

Finaste Ida gav meg førre onsdag eit glas med surdeig, og når eg fekk lese meg opp på surdeigsbrød i Åpent bakeri-boka mi var det på tide å gje det eit forsøk. Det blei heilt vilt godt! Dette skal eg øva meg meir på! Ein fordel med surdeigsbrød føre andre typar brød er at surdeigen set smak, du får ein littegranne syrleg smak som er heilt fantastisk. Det luktar dessutan og betre, synst eg! I tillegg er det sjukt stilig at ein kan laga brød av mjøl, vatn og salt og ikkje noko anna. Sjukt stilig.

Det er ikkje vanskeleg å laga desse brøda, du må berre rekna gooooood tid. For det skal heva, kvila og ligga temmeleg lenge. Men det kan ein vel leva med!

 

Fine surdeigsbrød

  • 460 dl vatn, 30 grader varmt
  • 700 g kveitemjøl, gjerne økologisk, gjerne høgt gluteninnhald
  • 18 g salt
  • 350 g kvit surdeig, romtemperert: La han stå på kjøkkenbenken nokre timar før du bakar

Bland alt, men hald att 60 g vatn. Elt i kjøkkenmaskin på låg fart i 3 minutt, og øk så i 7 minutt. Hell vatnet i litt etter litt. Deigen skal vere litt laus, bli smidig og blank.

Dekk bollen med plast og la han kvila i to timar. No skal han ha hevt seg ganske godt!

Del deigen i tre, og elt dei litt og form tre kuler. La desse kvila i ein halvtime. Bruk gjerne litt grovt rugmjøl til å baka ut brøda, viss du treng noko mjøl. Det set veldig god smak!

Bak ut tre brød, og legg dei på eit steikebrett med bakepapir. La dei heva til dei er dobbelt så store – om lag halvannan til to timar til. Skjær nokre snitt i dei.

Steik brøda på 220 grader i 25-30 minutt til dei er gylne. Avkjøl på rist. Server med smør eller god ost, ha til suppe eller lag bruschetta.

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Surdeig er utrolig spennende! Og herlig oppskrift. Har selv prøvd forskjellige varianter. Det er alltid like populært , sprøtt, elastisk og superholdbart.
    Ellers synes jeg baking er veldig moro, du er velkommen å besøke meg på
    http://rakefetspleasures.bloggnorge.com/
    Masse hilsen
    Rakefet

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.