Eg verkeleg elskar gryter av denne typen. Det er så utruleg godt. Her er ei lammegryte – kjøp berre noko kjøtt, gjerne billig og seigt, og kok det lenge nok, og ha i grønsaker undervegs etter kor lenge dei skal koka. Blir knallbra! Dette hadde eg i sist eg laga gryta:

 

IMG_1358

Lammegryte

  • 1 kg lammekotelettar
  • 5 gulrøter (ikkje ta dei største dei har, då)
  • 200 g erter
  • 1 stor lauk, grovhakka
  • 3 smålauk, skrelt
  • 1 laurbærblad
  • 2 stilkar timian
  • 2 fedd kvitlauk, grovhakka
  • salt og peppar
  • litt olje til steiking
  • vatn

Varm gryta med litt olje i, og brun lammekotelettane. Ha i lauken og la han bli mjuk og bittelitt brun. Ha så i gulrot, og hell vatn over til det såvidt dekkjer. Ha oppi laurbærblad og timian. Kok opp. Skum av.

Kok nokre timar, til kjøttet er møyrt. Smak til – det er ikkje sikkert du treng noko salt eller peppar, men kanskje gjer du det. Ha i erter, og server med ein gong dei har kokt i eitt minutt. Fisk opp timiankvistane og laurbærbladet. Server med brød og ein god eplejuice, for eksempel.

IMG_1390