Eg er definitivt solgt: Eg elskar den nye kakeforma. Det er så inmari fint med mønsteret, sant? Denne er med vanilje. Det er inmari godt.

Vaniljekake

  • 125 g smør, romtemperert
  • 180 g sukker
  • 3 små egg
  • 180 g kveitemjøl
  • frøa frå ei vaniljestang/1,5 ts ekte vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver
  • 150 g rømme

Rør smør og sukker kvitt, og rør egga godt inn eitt etter eitt. Rør bakepulver og vanilje godt inn.

Rør inn rømme og mjøl i smør/sukker-blandinga annan kvar gong. Ikkje rør meir enn du må.

Ha det i ei smurt form. Steik på 175 grader i ca. 40 minutt. Sjekk med ein kakestikkar at kaka er gjennomstekt.

Avkjøl i forma i ti minutt, og avkjøl på rist til ho er heilt kald.