Okei, det er vår. Det er så himla deilig med ein frisk og god salat på dei varme dagane, helst ein som både er sunn og god i tillegg. Faktisk er han så god at då eg tenkte at okei, no har me middag til både i dag og i morgon så var det heilt feil – me hadde mat til eitt måltid og bittelitt til kvelds.

Quinoasalat

  • 2,5 dl quinoa, ukokt
  • 4 dl vatn til å koka quinoa i
  • ei lita klype salt til quinoavatnet
  • 1 ss olivenolje til å steika grønsaker i
  • 1 lauk, finhakka
  • 3 stilkar stangselleri, finhakka
  • 5-6 vårlauk, grovhakka
  • 1 fedd kvitlauk, grovhakka
  • 2 dl hasselnøtter, rista i panna, avskala og grovhakka (bruk eventuelt pinjekjerner eller graskarfrø)
  • 1 dl tørka tranebær, grovhakka (bruk eventuelt rosiner)
  • raust! med persille, grovhakka
  • 1 eple i terningar
  • 1 stor sitron, safta, til å ha eplet i
  • olje og salt til å krydra grønsakene
  • 2 ms olivenolje eller ei anna god olje til å ha over salaten til slutt

Skyl quinoaen godt i kaldt vatn. Kok så opp, og kok i lettsalta vatn til han er ferdig kokt. Avkjøl.

Rist nøttene i steikomnen eller i ei steikepanne. La dei stå til dei lukter godt – det tek sånn 5-10 minutt. Ikkje svi dei. Avkjøl. Ha dei i hendene og gni dei litt så det meste av skalet fell av. Grovhakk dei.

Skjær opp alle grønsakene og steik dei på særs låg varme. La dei bli mjuke, men ikkje brune. Ha på salt og peppar og avkjøl.

Hakk opp eplet og ha det rett oppi ei lita skål der du har fått med absolutt all safta frå ein stor sitron. Vend eplet i sitronen.

Grovhakk persille og tranebær, og bland alt saman. Håpar det smakar! 🙂

IMG_1493