Andelår er ikkje særleg dyrt. Det kostar om lag det same som kjøttdeig, for å seie det sånn. Og så er det knallgodt, og lett å laga. Dette er ei oppskrift på ein kjøttsaus som er kjempegod til pasta. Denne er laga etter det me plar ha ståande av grønsaker og hermetikk og urter, det er så himla greitt å få brukt opp dei mjuke gulrøtene du ikkje har SÅ lyst til å eta rå, eller den litt trøytte stangsellerien liksom 🙂

 

IMG_1522

 

Anderagu med pasta til 4-6 personar

  • 4 andelår
  • 1 stilk stangselleri, finhakka (gjerne med blad og det heile. berre fint det)
  • 2 små gulrøter, skrelt og finhakka
  • 1 raudlauk + 2 smålauk, finhakka
  • 4 fedd kvitlauk, skvist og grovhakka
  • nokre stilkar timian
  • to boksar hermetiske cherrytomater
  • 1 ms sukker
  • 1 ms balsamico eller raudvinseddik
  • olivenolje
  • salt og peppar
  • basilikum eller persille og parmesan til servering
  • pasta

 

Skjær opp alt som skal skjærast opp.

Varm olje i ei stor gryte, gjerne ei jerngryte. Krydre andelåra med salt og peppar og brun dei fint på alle sidene. Når dei er bruna har du i stangselleri, gulrøter, lauk og kvitlauk. Steik på svak varme til det er mjukt. Ha i timian, tomater, sukker og balsamico. Kok i om lag 45 minutt-ein time. Rør litt no og då.

Ta opp andelåra og fjern skinnet og beina og ha kjøttet attende i sausen i passelege bitar. Det skal vere så møyrt at det fell av beinet no.

Smak til med salt/peppar. Ta bort timiankvistane. Server med pasta, litt friske urter og parmesan.

 

 

IMG_1524