Kjærasten og eg har i løpet av forholdet ete særdeles mykje linsesuppe. Det tok til på dagar med lite pengar (det var nokre veker i starten av forholdet då eg trur me stort sett åt linsesuppe kvar dag) og fortsette då me blei entusiastiske fordi det i tillegg til å vere billig er vilt  godt. Somme favorittar er linsesuppe med pølse, ein jevna variant, og ein med bønner og kylling. Alle desse er gode. Men her kjem altså nok ein variant – denne er heilt enkel med spisskummin og karripasta, og går sjukt fort og greit å laga. Og så er det så godt!

Eit høgdepunkt med denne suppa er brødet til: Eit kvitlauksbrød far tipsa meg om.

 

Linsesuppe til 4

  • 1 raudlauk, grovhakka
  • 1 fedd kvitlauk, grovhakka
  • 2 ts heil spisskummin
  • 1 ss raud karripasta
  • 150 g raude linser
  • 8 dl hønsekraft
  • 1 boks hakka tomater
  • ein neve grovhakka persille eller timian
  • 1-2 ss olje til steiking
  • evt ei lita klype salt

Steik lauk og kvitlauk over ganske låg varme til det er mjukt. Ha så i spisskumminfrøa, og steik til det luktar godt, før du har i karripastaen og let det steika med bittelitt. Ha i linser, kraft og tomater, og kok til linsene er ferdige – alt fra 15-30 minutt avhengig av linsetypen du har valgt.

Vurder om du vil stavmiksa suppa glatt eller ikkje (eg liker ho best umost), og rør inn urter og sjekk om du vil ha litt salt i. Server eventuelt med ein klatt kesam eller rømme. Og så kvitlauksbrød!

 

Far sitt kvitlauksbrød

  • 1 surdeigsbagett eller anna fint brød
  • smør
  • kvitlauk, finhakka
  • ei klype salt

Skjær nesten heilt gjennom brødet, så det berre heng saman i skorpa nedst. Mos kvitlauk saman med smør og salt. Smør raust med kvitlaukssmør mellom skivene, pakk inn i aluminiumsfolie og steik det heile på 190 grader til smøret og kvitlauken er heilt smelta inn i brødet. Dryss gjerne over litt flaksalt før du serverer.

 

IMG_1531