Madeleiner

Madeleiner er små, lette kaker med smak av sitron. Dei er lette og luftige, og dei er perfekte til ein kopp te eller kaffi. Aller best er dei når dei er nystekte, og dei er veldig lettlaga. Du kan med fordel laga røra ei stund i forvegen, så berre steiker du nokre når du treng dei.

Eg fylte halvparten av dei med ein bit sjokolade, og lot halvparten vere som dei var. Det blei veldig bra! Neste gong skal eg putta eit bringebær i kvar, eller bittelitt rips, kanskje. Det trur eg og kan bli bra. Viss du ikkje har madeleineformer, som er forma som eit skjell, bruker du berre nokre andre små former, til dømes små muffinsformer eller anna som rommer ei god spiseskei med røre. Du kan og bruka rive skal av grapefrukt viss du vil det heller enn sitron, det blir og knallgodt!

 

Madeleiner

  • 3 egg
  • 130 g sukker
  • 200 g mjøl
  • 10 g bakepulver
  • rive skal av ein litt stor sitron (økologisk. Hugs å vaska sitronen!)
  • 20 g honning
  • 4 ss mjølk
  • 200 g smør, smelta på låg varme og avkjølt
  • evt sjokolade/bringebær til fyll

Smelt og avkjøl smøret. Bland mjølk og honning i mjølka.

Pisk egg og sukker luftig. Ha i rive sitronskal.

Bland den avkjølte smørblandinga i eggeblandinga.

Tilset bakepulveret og mjølet litt etter litt i blandinga. Rør ut klumpane, men ikkje rør meir enn du må heller. Set røra i kjøleskap nokre timar, eller over natta.

Smør formene. Fyll dei med om lag 1 ss røre – dei skal bli ca 3/4 fulle.

Steik dei slik:

195 grader i 5 minutt, skru av omnen og steik i 1 minutt til, skru omnen på 160 grader og steik i 160 grader i 5 minutt. I alt skal dette bli 11 minutt på ulike temperaturar.

Avkjøl littegranne i forma til kakene er kalde nok til at du kan handtera dei, så har du dei over på rist og vasker forma, så du kan steika fleire madeleiner.

 

Dryss gjerne litt melis over før servering!

DSC_9317

6 tankar på “Madeleiner

  1. Hei, Liv! Jeg bruker også å lage madeleiner! 😀 De er så fine og gode! Jeg har en bok med bare madeleine-oppskrifter, men jeg har ikke prøvd så mange enda, bare sitron, appelsin og en litt rar en med kardemomme og pistasjnøtt. Det går fint an å bruke mandelmel eller andre spennende ting i også. 😉 Takk for tipset om å ha lure ting i midten!

    Likar

    1. oi, kult! ja, det blir nok testing av litt forskjellig etter kvart 🙂 kardemomme og pistasjnøtt høyrtes rart ut. var det godt?

      Likar

      1. Det var mer rart enn godt, kanskje! 😀 I boka er det til og med bacon og sjokolade, men jeg vet ikke om jeg er SÅ modig. 😉

        Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.