Eg fekk som sagt store mengder bær for kort tid sidan, og ein av tinga eg har laga, er saft (SJEKK den fargen ripssaft får. Er det ikkje vilt bra?)

Det er eigentleg ganske enkelt å laga saft av bær, sjølv om ein ikkje har saftkokar, så det ordnar seg. Du treng noko å sila ripssafta gjennom viss du ikkje har saftkokar, eg brukte ein himla slitt kjøkkenhandduk. Du kan og kjøpa sånne klede som er rekna for denne typen bruk på jernia og sånt, eller bruke ei sil, men same det. Poenget er at dei ikkje må vere FOR finmaska, for då tek det hundre år.

Smak til med sukker – tilset litt etter litt. Det varierer kor sure ripsa er. Eg liker dessutan litt sur saft, så prøv deg fram. Hugs at det oftast er mykje enklare å tilsetta litt meir sukker viss det er for surt enn å skaffa meir rips, viss det er for søtt..:)

 

Ripssaft

  • 1 kg rips
  • 2 dl vatn
  • 250 sukker pr liter saft

Rensk og skyl bæra og ha dei i ei gryte. Ha i vatn og varm opp på låg varme. La det småkoka til bæra skrumper inn. Det tek 15-20 minutt.

Ha bæra over i ei sil eller i den slitte handduken og la det stå til all safta har trekt gjennom. Mål opp kor mykje saft du har og tilset om lag 250 g sukker per liter – men smak deg til! Ha på heilt reine flasker og frys ned.

Du må sjølvsagt vatna ut safta når du skal drikka henne seinare.

Framgangsmåten funker på alt anna av bær og, berre prøv deg fram med sukkermengda.

IMG_1689