Etter at me fekk madeleineform, har det blitt ein del prøving og testing av ulike madeleineoppskrifter. Eg har laga med grapefrukt, bruna smør, sitron, med ulike typar sjokolade og bær. Etter me fekk så mykje bær frå mor har det blitt mykje bær i. Kjærasten liker best madeleiner med ein bit mørk sjokolade trykt inni, eg liker best sitronmadeleiner med ripsbær i. Du får sånne mjuke, sure bitar som er heilt perfekte. På bileta er det ikkje noko melis over, men det anbefalar eg eigentleg. Sjukt bra.

Viss du ikkje har ferske ripsbær kan du bruka frosne. Trykk dei nedi forma som er fylt med deig når dei framleis er frosne, eller la dei tina litt først. Ikkje bruk dei som har blitt heilt våte og fell saman. Med rips går det kjempebra, med bringebær og, viss dei er frosne fint. Prøv gjerne litt forskjellig.

Røra held seg godt i kjøleskap. Lag den i forvegen, steik like før du vil servera dei. Dei er best varme.

IMG_1677

Madeleiner med rips

  • 3 egg
  • 130 g sukker
  • 200 g mjøl
  • 10 g bakepulver
  • rive skal av ein litt stor sitron (økologisk. Hugs å vaska sitronen!)
  • 20 g honning
  • 4 ss mjølk
  • 200 g smør, smelta på låg varme og avkjølt
  • rips

Smelt og avkjøl smøret. Bland mjølk og honning i mjølka.

Pisk egg og sukker luftig. Ha i rive sitronskal.

Bland den avkjølte smørblandinga i eggeblandinga.

Tilset bakepulveret og mjølet litt etter litt i blandinga. Rør ut klumpane, men ikkje rør meir enn du må heller. Set røra i kjøleskap nokre timar, eller over natta.

Smør formene. Fyll dei med om lag 1 ss røre – dei skal bli ca 3/4 fulle.

Steik dei slik:

195 grader i 5 minutt, skru av omnen og steik i 1 minutt til, skru omnen på 160 grader og steik i 160 grader i 5 minutt. I alt skal dette bli 11 minutt på ulike temperaturar.

Avkjøl littegranne i forma til kakene er kalde nok til at du kan handtera dei, så har du dei over på rist og vasker forma, så du kan steika fleire madeleiner.

 

Dryss gjerne litt melis over før servering!

IMG_1689