Smoothie er eit heilt supert måltid. Det kan vere både frukost, eit mellommåltid eller dessert. Me lagar som regel smoothie etter kva må me eta opp no-metoden. Det funker veldig bra. Eg plar bruka veeeeeldig mykje bær og synst det er kjempegodt. Viss du ikkje har frosne bær kan du gjerne ha nokre isbitar oppi smoothien saman med det du vil ha av frukt eller bær eller kva som helst. Då vil han bli litt tynnare. Viss du synst dei er overkillsure, så har du i litt honning. Er det litt tamt, så skvis oppi litt sitron. Uansett: Her er nokre av favorittane:

 

Blåbærsmoothie:

Dete er ein himla mektig smoothie. Eg liker å laga han ekstra tjukk og eta med skei.

  • 400 g frosne blåbær
  • 1 banan
  • 1,5 dl vaniljeyoghurt
  • 2,5 dl appelsinjuice
  • 1 ss honning

Ha i blender. Mos godt. Bruk meir juice/yoghurt viss det trengs. Smak til.

 

Rips og solbærsmoothie:

  • 400 g frosne rips og solbær
  • 1 banan
  • 4 dl kulturmjølk
  • 1 ss honning, viss du vil

Ha i blender. Mos godt. Bruk meir væske viss det trengs. Smak til.

 

DSC_9328

Kirsebær- og pasjonsfruktmoothie:

Dette er ein frisk og god smoothie! Eg synst denne er god når han har om lag same konsistens som drikkeyoghurt. Blend lenge nok til at pasjonsfruktsteinane blir heilt knuste.

  • 300 g frosne kirsebær, utan stein 😉
  • 4 pasjonsfrukt, berre fruktkjøttet
  • 0,5 banan
  • 2,5 dl vaniljeyoghurt
  • 2 dl appelsinjuice
  • ein skvis sitron

Ha i blender. Mos godt. Bruk meir juice/yoghurt viss det trengs. Smak til.

 

 

Kiwi- og banansmoothie:

  • 4-5 kiwiar
  • 1,5 banan
  • 2,5 dl vaniljeyoghurt
  • 1,5 dl appelsinjuice
  • ein skvis sitron

Ha i blender. Mos godt. Bruk meir juice/yoghurt viss det trengs. Smak til. Meir av noko?

 

DSC_7307