Karamell er ikkje så dumt, det. Eg har laga det til julegåver tidlegare, og til jul i fjor fekk eg sjølv eit lite glas med karamell med kvit sjokolade. Så. Godt. Karamellen har eg brukt til fyll i konfekt som ein slags smil-sjokolade (perfekt. Lovar), og karamellen med kvit sjokolade har eg brukt som fyll på muffins og alle andre stadar eg trur det vil gjere seg med sånt. Det er ganske mange stadar. I tillegg er det ei sjarmerande vertinnegåve, ein litan bursdagspresang eller kva som helst.

Det neste prosjektet er brownies med karamell med kvit sjokolade som fyll. Mi venninne Elin lagar det av og til og det høyrest knallgodt ut!

Denne oppskrifta gir deg rundt ein liter karamellsaus, kor halvparten er med kvit sjokolade og halvparten uten. Lag gjerne alt MED kvit sjokolade, viss du føretrekk det. Eg ville berre ha litt av kvart eg 🙂

Salt karamell og karamell med kvit sjokolade

  • 240 g sukker
  • 240 g glukose (kjøp på kakebutikkar i Oslo, eller matvarebutikkar med spesielt godt utval. eller apotek, men det er dyrare der)
  • 360 g fløyte
  • 1 vaniljestang
  • 90 g smør
  • 5 g maldonsalt
  • 240 g kvit sjokolade

Smelt sukkeret på middels til høg varme, og la det bli lyst brunt, men ikkje svidd. For mørk karamell smaker berre bittert og ekkelt. Det kan vere lurt å ikkje ha i alt sukkeret på ein gong, men tilsetta litt etter litt.

Ha i glukose, og rør det godt saman. Trekk av plata og la det avkjøla seg bittelitt. Hell så i fløyte i ein tynn stråle, litt etter litt, og rør godt. Pass deg viss blandinga er veldig varm, for då vil det brusa voldsomt.

Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa. Ha heile greia i blandinga. Rør ut saltet. og smøret.

No skal blandinga vere overkommeleg i temperatur. Hell halvparten på heilt reine små glas.

Sjekk at temperaturen på karamellen ikkje er over 40 grader, for det toler ikkje kvit sjokolade. Ha den kvite sjokoladen i bitar i gryta. La det smelta. Rør det saman, og ha dette og på små glas.

Oppbevar i kjøleskåp.