DSC_9373

Kombinasjonen av at me har fått sjukt mykje bra grønsaker i grønsaksposen frå Kooperativet i det siste, og at me bur like ved ein pølsemaker gjer at me om dagen har hatt greitt utval av spesielt gode grønsaker og ditto kjøttvarer i det siste. Denne suppa, som var ein rydde i skuffene-prosjekt, er ei av dei beste eg har laga nokon gong. I det heile anbefalar eg verkeleg å benytta seg av dei gode grønsakene som me har no, seinsommar/haust er ei nydeleg tid for alle som liker gode, norske grønsaker!

IMG_1761

Grønsakssuppe med pølsebitar

  • 3 gulrøter
  • ein skalk kålrabi
  • 3 nypoteter
  • 2 fedd kvitlauk (helst fersk)
  • 1 litan squash
  • 2-3 tomater
  • 1,5 grov, krydra pølse
  • 10 cm spekepølse
  • ein neve bondebønner el.
  • 2 store stilkar mangold/bladbete
  • ein god neve bladpersille
  • 1 liter kyllingkraft (bruk ei god, eller bruk vatn. dropp buljongterning)
  • salt/pepper

IMG_1765

 

1. Skrell og skjær alle grønsakene i høvelege bitar. Mos kvitlauken. Skjær opp pølsene. Spekepølsa må i særleg små bitar. Bønnene må skrellast og kokast nokre minutt, før du tek dei ut av skinnet dei har. Skjær mangold i passelege remser. Hakk opp persillen.

DSC_9383

2. Varm opp kyllingkrafta, eller vatn. Ha i poteter, gulrøter, kålrot, kvitlauksfedd og tomat saman med pølse og spekepølse. Kok nokre få minutt. Ha i stilken til mangolden, og til slutt har du i dei grøne blada til mangolden og persillen – og la det varma seg opp berre lenge nok til at det fell saman litt. Ikkje overkok blada, det blir berre vått og trist. Ha oppi bønnene til slutt og la dei bli varme. Smak til med salt og pepper. Server!

DSC_9382