Den beste krafta får du av oksehalar. Verkeleg. Eg er kjempeglad i oksehalesupper av ulikt slag, og kvar gong eg ser dei til sals kjøpar eg med meg litt. Det synst eg er kjekt. Denne gongen blei det ei heilt, heilt enkel oksehalesuppe med tomater og chili, og det var kjempegodt.

 

Suppe til 5-6

  • 2 kg oksehalar
  • to store lauk
  • to fedd kvitlauk
  • nokre kvistar timian
  • vatn
  • ein boks hermetiske tomater
  • ca 1,5 ts sambal oelek (knust chili på glas), evt. knus raud chili sjølv i ein mortar saman med bittelitt salt. SMAK DEG FRAM
  • 1 ss honning/sukker
  • salt, peppar
  • ein vinskvett eller 1,5 ms raudvinseddik

Skyll godt av oksehalane og tørk av dei litt. Brun dei godt i gryta i litt olje, og hell på vatn så det akkurat dekkjer. Ha i lauk som du har skrelt og delt i to og nokre stilkar timian. Kok opp, skum av og la stå på rett rundt kokepunktet i så mange timar som det tek før kjøttet løsnar frå beina.

Ta kjøttet, timianstilkar og lauken ut av krafta og sil eventuelt krafta viss du vil. Rens oksehalane – ta vare på kjøttet, men unngå brusk og bein. Får du med litt feitt så er det greitt, men ikkje ta med for mykje. Avkjøl gjerne krafta og ta vekk fettet som samlar seg på toppen.

Varm opp krafta. Ha i kjøttet, hell i tomater og honning og litt vin. Smak deg fram. Ha i passe mykje knust chili, salt og peppar.
Server suppa heilt varm, gjerne med brød til.