Stekte raudbeter er ein super kveldsmat eller enkel middag. I det siste har me hatt ganske mykje beter, og eg har ikkje heilt visst kva me skulle gjere med dei, alle saman, men når ein er ferdig med å omnssteika dei eller lage raudbete- og sjokoladekake, er dette eit supert val.

Stekte raudbeter til to

  • ein svær eller fleire små raudbeter, evt med blad (sjå an kor svolten du er, då.)
  • ein bunt mangold/bladbete (store blad – det er ein slektning av raudbete), grovhakka
  • smør
  • lauk, finhakka
  • litt vin eller bittelitt balsamicoeddik
  • salt, peppar
  • chevre
  • honning

Skrell og skjær raudbetene i halvcmtjukke skiver. Finhakk lauk. Steik lauk og raudbeter i middels varm panne til lauken er mjuk og raudbetene er møyre. Ver raus med smøret. Like før det er ferdig har du på krydder og vin, før du slengjer i mangold og rører det saman før du legg på eit lokk så det får stå til mangolden fell saman. Server med chevre og litt honinng, og veldig gjerne med brød til.

Kjempegodt!